Tonar frå fjell
Gjennom tonar og tekstar knytte til fjell- og seterliv vil Ingrid Lingaas Fossum og Vemund Olav Aukrust freiste å formidle ulike tilhøve til fjellheimen. Vi får høyre valdresspringar og springleik, lyarlåttar og bånsullar, og nyare, meir klassiske verk. Låttespelet på langeleik får saftige orgelkomp, men instrumentet óg spele ein rolle som rytmisk komp.

Ingrid Lingaas Fossum frå Valdres (f. 1991), er ei av landets fremste unge langeleikutøvarar, og for tida bachelorstudent i tradisjonsmusikk på Ole Bull-Akademiet.Vemund Olav Aukrust frå Lom (f. 1996) er utdanna kyrkjemusikar frå Norges musikkhøgskole (NMH) og HMDK Stuttgart, og tek for tida mastergraden i utøvande orgel hjå Karin Nelson og Kåre Nordstoga på NMH.

Ingrid Lingaas Fossum – langeleik, kraviklyre og vokal
Vemund Olav Aukrust – trøorgel

 

Holmen/Odde - plateslepp

Odde & Holmen blandar tradisjonsmusikk med impulsar frå både kunstmusikk, improvisert musikk og den slåttesymfoniske stilen til Eivind Groven. Duoen representerer eit leikent og virtuost samspel, og skapar ei lytteverd med stort rom for klangelege nyansar, sterke melodiar og melankoli i stadig veksling. Duoen kjem med nytt album hausten 2023, beståande av sjølvkomponerte låttar og improvisasjonar. Her møtest det rå slåttespelet frå hardingfela med dei lange linene frå kunstmusikken og smeltar saman til eit unikt uttrykk.  

I 2015 vann dei to prisen for årets unge folkemusikarar, og debutalbumet «Sumarmorgon» (2016) vart nominert til Folkelarmpris. 

Bjørn Kåre Odde har i snart eit tiår vore ein av dei mest attraktive felespelarane i landet. Han har særleg dyrka ulike samspelsprosjekt i grenseland mellom folkemusikk og klassisk og vann Folkelarmpris i open klasse for albumet «Folk Chamber» (2021). 

Sivert Holmen har i stor grad dyrka solospelet på hardingfele, med siger i Fanitulltevlinga og topplasseringar på landskappleik, og vart nominert til Folkelarmpris for soloalbumet «Jotunheimen» (2021).


Sivert Holmen – hardingfele
Bjørn Kåre Odde – bratsj, fele