Vi inviterer deg til opning av jubileumsåret og av “Folkemusikken og folkedansens år”, med opningskonsert og dansefest på Riksscenen.

I 2023 fyller FolkOrg (tidlegare Landslaget for spelemenn) 100 år. Eit hundreårsjubileum er eit godt høve til å feire stort. Vi skal feire organisasjonen og det den har stått for og står for i dag, men vi ynskjer òg å nytte høvet til å sette søkjelyset på folkemusikken og folkedansen i Noreg i dag og mot framtida. Vi vel difor å kalle jubileumsåret for Folkemusikken og folkedansen år, og inviter heile Noreg til å ta del i feiringa. 

19.00: Festforestilling
Det blir stortilt opning av jubileet og “Folkemusikken og Folkedansens år” på Hovudscena med opningstalar og helsingar til jubilanten. Vi får musikalske innslag frå vinnarane av Folkelarmprisane og IntroFolk i 2022 og jubileumsslåtten bli framført for aller fyrste gong.  

20.30: Dansefest
Etter festforestillinga samlast vi til alle til dansefest. Vi håpar du bli med og dansar inn jubileumsåret i lag med oss! 
Med Over Stok og Steen, Synnøve Brøndbo Plassen, Hytta, Færden & Flottorp, Eir Vatn Strøm m.fl.