Lillebjørn Nilsen har vore ein meir eller mindre frivillig representant for folkemusikken i mange tiår, og i 2022 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for si innsats for visekunsten her til lands! I det høvet steller me til ein konsert der folkemusikarar framfører eller tilegnar kveldens repertoar til han. 

Songar Lillebjørn har komponert, som Ola Tveiten og Valle Auto og Bensin, har glide naturleg inn i den tradisjonelle songskatten vår, og tolkingane hans av gamle ballader, stev og skjemteviser står som bautaer i norsk musikkhistorie.

 Med eit folkemusikalsk husband under leiing av Marius Graff i ryggen, vil fleire av våre fremste utøvarar frå inn- og utland gjeva Lillebjørn ein musikalsk hyllest, framført med den same respekten han har gjeve oss gjennom alle desse åra.

 

Andy Irvine, Kirsten Bråten Berg, Tuva Syvertsen, Sudan Dudan, Eli Storbekken, Marius Graff, Erik Sollid, Irene Tillung, Selma French, Sondre Meisfjord, m.fl.

 

Produksjonen er et samarbeid med Grappa musikkforlag.