Komponist, vokalist og kontrabassist Signe Førre vart i 2019 utfordra til å lage tingingsverk til Finnesloftet på Voss, ei utfordring ho tok på strak arm! Med materiale frå m.a. Noreg, Serbia, Makedonia, Bulgaria, og væpna med sterke inspirasjonar frå desse tradisjonane, komponerte og arrangerte ho ei musikalsk reise som tek oss gjennom ulike kulturar og tidsperiodar. Reisa fører oss inn i eit univers der jazz og folkemusikk frå dei ulike kulturane smeltar saman og får nytt liv - alt respektfullt framført på dei ulike originalspråka til grunnmaterialet.

Signe Førre – kontrabass, vokal
Torbjørn Økland – trompet, bouzouki, gitarar
Jo Asgeir Lie – trekkspel
Kåre Opheim – trommer, perkusjon