Platekarriera til Erlend strekkjer seg frå den tradisjonelle plata “Duo” som han gjorde med Aslak Brimi i 2009, via tingingsverket “Sastrugi” frå 2020 og samtidsorienterte “Djupet” med Jo Berger Myhre og Thomas Strønen frå 2022. Det er likevel hans eigen trio, Erlend Viken Trio, som er hovudprosjektet med tre utgjevingar, der “Fete Slåtta” frå 2022 er nyaste utgjeving, og akkurat som dei to foregåande fekk den strålande mottaking av både presse og publikum. ¨Fete slåtta¨ blei og spellemannsnominert i år.

Som spelemann opptrer han live med m.a. Ingebjørg Bratland, og har spelt med folk i alle slags retningar som OnklP, Matthias Eick og Erlend Ropstad for å nevne nokon. Han er og å høyre på den nye plata til Susanne Sundfør. Erlend var fast medlem i det spellemannsnominerte bluegrassbandet "Earlybird Stringband", så det er ein spelemann som spelar på mange strenger me får møte for å seia det biletleg.

 

Vel møtt til solokonsert med sjølvaste Erlend Viken!

 

Erlend Viken - fele, oktavfele og kanskje hardingfele