Erlend Apneseth, frå Jølster i Sogn, kom som ein rakett inn i medvetet til Folkemusikk-Noreg i 2012 då han rykte opp til A-klassa på hardingfele og gav ut plata «Jølster 2012» som vart nominert til Folkelarmprisen, saman med Synnøve Bjørset, Sigmund Eikås og Gro Marie Svidal. Etter den tid har han spelt finalespel på Landskappleiken 2013, motteke Grappas debutantpris, Fureprisen, Øyvind Berghs minnepris, samarbeidd med Carte Blanche, vore månadens artist her på Riksscenen, gjeve ut soloplata « Blikkspor » produsert av Arve Henriksen og halde konsertar i inn- og utland. Blandinga av det tradisjonelle spelet og inspirasjon frå andre klangbilete som improvisert musikk og samtidsmusikk har gjort den unge Jølstringen til ein ettertrakta musiker i mange musikalske miljø og retningar.
Margit Myhr er kvedar, multiinstrumentalist, skodespelar og dansar, ein kombinasjon som er heller sjeldan i folkemusikkmiljøet her til lands. Me vart fyrst kjend med ho som kvedar etter at ho slo sjølvaste Ingebjørg Bratland i C-klassa (under 18) på landskappleiken i 2006, og sidan har me blitt bergtekne gong etter gong som gjennom forestillingar med Frikar og Villniss, som skodespelar ved Västenå Teater, i grupper som Firil og Kvedarkvintetten og ikkje minst som ung tradisjonsberar og inspirator for mange unge gjennom kurs og dansekveldar. Med dansar, skodespelar og tømmerfløytar Martin Myhr som far og Hallingdals kvedardronning Gunnlaug Lien Myhr som mor er vel ikkje resultatet uventa, men like fullt oppsiktsvekkjande.
Det unge paret kjem til Oslo med ein konsert har utvikla på Leveld Kunstnartun, der eit tre månaders arbeidsopphald var ein del av E-CO stipendet deira som dei to mottok i fjor.

Erlend Apneseth - hardingfele
Margit Myhr - song, hardingfele, lyre & langeleik