Malin Alander (vokal) og Ole Nilssen (trekkspel) har begge utmerka seg som soloutøverar og i ulike prosjekt og samspel dei siste åra, med tydelig identitet og særpreg på sine instrument. Saman har dei utforma ein versjon av Draumkvedet, den mest omtalte og mystiske balladen vi har i Norge. 

Denne versjonen av Draumkvedet finn stad på sjølve dagen da Olav Åsteson vakna i middelalderballaden. Den held på ein nerve frå start til slutt og tek med seg lyttaren på reisa til Olav Åsteson gjennom dødsriket og bygg opp under hans visjonar. Det musikalske spenner seg frå det heilt enkle, vakre og såre til det brutale, tunge og seige. Heile konserten er dynamisk og organisk og med både improvisasjon og slåttespel. Samspelet er nært og intenst. 

Januar 2023 gav Alander og Nilssen ut Draumkvedet på plate og gjennomførte ein lang platesleppturné som vart motteke med stor begeistring frå publikum.

Lær mer om denne versjonen av Draumkvedet i NRKs nye serie om folkemusikk, “Trollstemt”.

Malin Alander - vokal
Ole Nilssen - trekkspel