Tre av dei største irske folkemusikarane, Máirtín O’Connor, Cathal Hayden og Seamie O’Dowd, kjem til Norse Gaels Folk Fest! Mairtin O´Connor Trio har spelt saman sidan 2001 og har i dei åra utvikla eit samspel, i ordets rette forstand, det luktar svidd av! Når dei tre legendariske musikarane kjem saman oppstår ein heilt spesiell energi, eller synergi om du vil, som løfter både dei sjølve og publikum til nye høgder. Den viritouse trekkspelaren Mairtin og fele- og banjotrollmannnen Cathal får saman med gitarist og vokalist Seamie utforske musikk i både moderne og innovative former, men utan å miste fotfestet i tradisjonsmusikken. 

Máirtín O’Connor (torader) kjem frå Galway i Ireland. Han byrja å spela i niårsalderen og sidan den tid har han ei strålande solokarriere samt at han har spelt med grupper som Skylark, Midnight Well, De Dannan, og The Boys of the Lough. I tillegg vart han verdskjend då han var ein av hovudmennene bak musikken til den fyrste runden med Riverdance. 

Cathal Hayden (fiddle, banjo) treng ikkje nokon introduksjon til dei som er kjende med irsk tradisjonsmusikk. Han er fleire gonger All-Ireland Champion på både fele og banjo og var ein av grunnleggjarane og turnerte verda rundt med gruppa 4 men and a dog. 


Seamie O’Dowd (gitarer, vokal) og hans musikalske evner har blitt stadig meir kjend på internasjonalt nivå. Med røtene djupt i Sligos tradisjonelle musikk har han spelt i mange sjangere av akustisk og elektrisk musikk. Han turnerte verde rundt i ei årrekkje tradlegendene Dervish og har spelt både i heim- og utland med Liam O’Flynn, Matt Molloy og Mary McPartlan. 

 

 

Máirtín O’Connor - torader
Cathal Hayden - fele, banjo
Seamie O’Dowd - gitar, vokal