Samba Touré vaks opp på 70-tallets Mali i landsbyen Binga med ei alenemor som, ifylgje ham sjølv, ikkje berre gav ham kjærleik, men også ein musikalsk utdanning. Samba Tourés mor var ei av de fyrste kvinnene som opptrådte med den unge Ali Farka Touré, legenden som seinere vart kanskje Malis største musiker gjennom tidene.

Mange år seinare spela Samba sjølv med den store Ali Farka Touré som musiker i Ali Farkas band gjennom 90-tallet. Det var et stort ynskje som gikk i oppfylling, for sidan Samba Touré flytta til hovedstaden Babako der han byrja å spela gitarblues, var draumen å spela med nettopp Ali Farka.

Etter å ha spelt med Ali Farka startet Samba Touré sitt eige band og starta opp ei lysande solokarriere. Siden den gong har det blive åtte kritikerroste plater, der den siste “Binga”, er oppkalla etter landsbyen han vaks opp i, utgjeven på Glitterbeat Records i 2021. På “Binga” syng han om heimlandet Mali, og sjølv om den tematisk kan vera både trist og dystopisk der han fortel om fattigdom, vold og mangel på utdanning og helsetjenester, formidlar Touré også ein ektefølt optimisme for framtida til heimlandet.

Me ser fram til å oppleva en av Malis største musikerar og tolkar av Malis ørkenblues når Samba Touré og bandet hans opptrer her på Riksscenen!

 

Samba Touré - gitar, vokal
Djimé Sissoko - ngoni, tamani
Souleymane Kane - calabash