I 2013 møttest to karar som spela munnspel i eit studio i Finland og gav ut debutskiva si New Scandinavian Harmonica Vol.1.
 

Jouko Kyhälä & Philip Jers får folk til å nytte den noko uvanlege nevninga Powerfolk, i allefall når det er ein duo på munnspel det snakkast om. Dei to professorane på det vesle instrumentet, trakterer alle storleikar og typer av munnspel, noko me skal få prov på denne kvelden, og utøver ein viritousitet og musikalitet som manglar sidestykkje i Norden på både inn- og utpust.

Jouko Kyhälä var den fyrste som nokongong tok mastereksamen på munnspel ved Sibeliusakademiet, og han vart sjølvsagt etterfylgt av Philip Jers som gjorde om lag det same ved Kungliga Musikaliska Aka­demien med ein mastereksamen i jazz som den einaste nokon gong på munnspel.

Gjer deg klar til tradisjonell musikk frå Sverige og Finland, altså polska, polka, vals, schottis, tango, menuett osb, for ein gong skuld framført på to munnspel. 

Jouko Kyhälä – munnspel, Philip Jers – munnspel