For 40 år sidan, altså i 1979, starta Hallvard Kvåle opp plateselskapet Heilo. Den fyrste utgjevinga til det nye selskapet var plata “Slinkombas” frå same år, ei plate som vann den fyrste av mange spelemannsprisar Heilo etterkvart har motteke. Originalbesetninga på plata, Kirsten Bråten Berg, Hallvard T. Bjørgum og Tellef Kvifte kjem til hovudstaden for å feire jubiléet saman med eit utval av artistar frå den 40 år lange katalogen som fram til 1995 hadde gjeve ut rundt 150 folkemusikkplater. I 1995 tok Grappa Musikkforlag over Heilo og har heilt fram til i dag gjeve ut folkemusikk under labelen Heilo, og den samla katalogen er heilt eineståande, både i breidde og kvalitet.

I år fyller altså Heilo 40 år, og me feirar med en stor festkonsert her på Riksscenen! Det er ei artistliste ein heil folkemusikkfestival verdig som står på scenen denne kvelden, noko som syner eit tverrsnitt av kva Heilo har gjeve ut gjennom desse åra.

 

Slinkombas

Rusk

Unni Løvlid

Valkyrien Allstars

Sigrid Moldestad

Spindel

Gjermund Larsen

Blåmann Blåmann

Nivelkinn

Erlend Viken & Marius Graff

Vassvik

Susanne Lundeng

Benedicte Maurseth

Steinar Ofsdal

Per Midtstigen
m.fl