Kirsten er fødd i Arendal, men flytta oppover til Valle i Setesdal midt på 70-talet og busette seg på Rysstad der ho vart folkemusikar, sylvsmed og gardbrukar slik tradisjonen er blant folkemusikarane i området. Ho vart tidleg oppdaga som eit heilt spesielt talent innan kveding og vokal folkemusikk og det vart spelemannspris alt i 1979. Det er nok likevel samarbeidet med bassisten Arild Andersen på 90-talet, eit musikalsk stjernetreff som resulterte i platene Sagn og Arv, som er mest kjend for almuen, eit samarbeid som enno pågår. Ho har også hatt prosjekt med verdsmusikarar som Marilyn Mazur og Lena Willemark, Solo Cissokho og Kouame Sereba og ikkje minst mange tiår med samspel og samarbeid med Hallvard T. Bjørgum.

Kirsten Bråten Berg  – kveding