16 desember i 2018 gjekk Embrik Bergaplass, ein av dei store kjeldene og inspiratorar innan bygdedans på torader, ut av tida 93 år gamal. Han etterlet seg ein mengd musikk, musikalske opplevingar, elevar og spelemenn som inspirert av spelet hans held tradisjonen i hevd.

 

I høve helga, som er vigd musikken frå Hallingdal, har me samla eit stjernelag av utøvarar på torader frå dalføret, samt invitert spelemenn som har eit nært forhold til Embrik eller spelet han representerte, frå store delar av landet for å hylle spelemannen og mennesket Embrik Bergaplass.

 

Vel møtt til ein storveges toraderkonsert med påfylgjande toraderjam og toraderfest i kjellaren utover natta!

På torader denne kvelden:

Ingunn Stræte Lie

Anders Lunden Herfoss

Sjur Borge

Håkon Tveito

Ulf-Arne Johannessen

Thorleif Stave

Tom Willy Rustad

Hilde Fjerdingøy

Inge Gjevre

Leif Ingvar Ranøien

Kristoffer Kleiveland

Tom Kjetil Tørstad

Per Midtstigen