Songaren og gitaristen Alasdair Roberts er ein av Skottlands mest toneangivande folkemusikarar og har gjeve ut eit titall plater i eiga namn, dei fleste på det høgst kredible Chicago-baserte plateselskapet Drag City. Hans siste utgjeving kalla «What News» vart mellom anna omtala som «tiårets plate» av den legendariske engelske songaren Shirley Collins.

Nå gjenforenes skotten med sin gjeng av norske musikalske sjelevener leia av Hans Kjorstad til ein konsert beståande av skotske ballader, sine eigne songar, samt ein og annan coverlåt. Det vert som om to bølgjer av godlyd sler mot kvarandre midt uti Nordsjøen, dei sildrande tonane frå denne gjengen vil garantert både begeistre og forbløffe deg!

 

Som Hans Kjorstad seier det: Alasdair er med sitt jordnære men delikate røyst og genuine interesse for tradisjonen alt vi kan drøyme om når det kjem til formidling av songar. Han er fantastisk, rett og slett.

 

Alasdair Roberts – vokal og gitar
Hans P. Kjorstad – feler og fløyter 
Marthe Lea – saxofon, klarinett og fløyter 
Andreas Hoem Røysum – klarinett og gitar 
Fredrik Rasten – gitar
Egil Kalman – bass og modulær synthesizer 
Hans Hulbækmo – trommer