Annbjørg Lien, Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal kom saman for fyrste gong i 1989 for å spela under åpninga av BI i Sandvika kvar for seg. Sidan dei var samla prøva dei seg på litt samspel, det gjekk over all forventning, og den vidare historien er eit eventyr av ei karriere. 

Steinar Ofsdal var allereie godt etablert artist med ei rekkje utgjevingar bak seg når historien starta, men dei to ungdomane var heller ikkje noko uskrive blad. Arve hadde vunne Spellemann i 1987 for plata Arvesølv og fekk oppslag på Dagsrevyen då han kom i stemmeskiftet. Annbjørg var frå tidleg alder særs dyktig og drivande på hardingfele med kappleikssigrar i fleng og med den ferske soloplata Kjellstadslåttar i kofferten.

Bukkene Bruse har gjeve ut fem album, har vunne Spellemannpris og motteke Prøysen-prisen. Den strålande musikken førte til at trioen turnerte i inn- og utland, og tok dei med seg verda rundt i alt frå Kina til dei amerikanske sørstatane. Dei vart utnevnde som offisielle OL-musikarar for OL på Lillehammer, eit oppdrag som tok dei til Atlanta, Tokyo, Barcelona og München saman med Dronning Sonja sin vinterutstilling, og overalt der dei kom tok dei publikum med storm. 

Det er med stor glede at me ynskjer publikum velkomne til konsert med Bukkene Bruse her på Riksscenen, vel møtt godtfolk!

Annbjørg Lien – hardingfele, nyckelharpe, Arve Moen Bergset – kveding, fele og hardingfele, Steinar Ofsdal – fløyter