Astrid Garmo er frå Garmo i Gudbrandsdalen, ei bygd med sterk fele- og folkemusikktradisjon. Sjølv om ho har føtene godt planta i folkemusikken frå heimbygda, valde ho hardingfele som hovudinstrument då ho gjekk på Norges Musikkhøgskole. Der fokuserte ho på tradisjonar frå Valdres, Hallingdal og Telemark, samt forska på meir improviserte og moderne måtar å bruke instrumentet på. Astrid spelar mykje solo og til dans, men er og å høyre i ulike prosjekt som Clowder, Pumpegris, LIN, Dålågjel og Ester & Astrid.

Under laurdagens "Fyrispel" spelar ho sine favorittslåttar både på fele og hardingfele.

 

Astrid Garmo - fele og hardingfele