Felespelaren Aslak Brimi frå Lom kjem nå med eigen musikk og eigen kvartett. Brimi er ein av dei fremste spelmennene i landet, og er av dei viktigaste tradisjonsbærarane for slåttemusikk frå Lom og Nord-Gudbrandsdalen. Han er framståande som solist og i ulike grupper og lag, og fekk tildelt statens kunstnarstipend for 2015 og 2016 for å satse på musikken. Han har gjeve ut mange album med tradisjonsmusikk både som aktør og produsent. Nå kjem han altså med eigen kvartett og eigen musikk. 
Gjennom fleire år har Brimi arbeidd med å komponere slåttemusikk i gamal stil, og nå får han med seg fantastisk dyktige musikarar til å arrangere å spele musikken. Den nye musikken har ulike sinnelag og stemningar, og fela er det naturlege midtpunkt. Det er rytmiske og suggerande låter, tydeleg inspirert av den råe og kraftige gudbrandsdalske springleiken og hallingen. Det er og dei vâre og nakne låtane, rolege tonestykker der arrangementa er enkle og nære. Dette er musikk i tradisjon med dei lyriske og vakre lyarslåttane frå Lom. 

Bjørn Kåre Odde - fele
Svein Tore Werstad  -  saksofon
Espen Wensaas - mandola, mandolin, cister, bouzouki og gitar.