Nokon synest ei hardingfele er ei for mykje, dette synspunktet er naturleg nok ikkje delt av denne trioen. Ein trio av hardingfelespelarar har røtter tilbake til den legendariske Hardingfeletrioen med Eivind Groven, Alfred Maurstad (seinere Magne Manheim) og Sigbjørn Bernhoft Osa på 30-talet, og den nyare trioen GamaltNymalt med Sigrid Moldestad, Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes. Lyden av tre hardingfeler saman kan låte opent og overtonerikt i det eine augeblikket og som eit detaljrikt, stort orkester i det neste. Hytta, Flottorp og Færden har forsøkt å gi repertoaret av slåttar og visetoner frå bygda Heddal i Telemark ein smak av begge delar.

Vel møtt til plateslipp!

Anne Hytta – hardingfele, Johanne Flottorp – hardingfele,Tuva Færden – hardingfele