ANNBJØRG LIEN / ROGER TALLROTH
Ein konsert med Annbjørg Lien og Roger Tallroth er ei fargerik og grensesprengjande oppleving med to av Nordens fremste folkemusikarar, der du aldri heilt veit kva du får eller kva vegar musikken tek. Det einaste du kan vera sikker på er at du får det beste, av dei beste.
Annbjørg Lien er ein av våre aller største eksportartiklar innan folkemusikk og verdsmusikk. Den svært etterspurde felespelaren frå Mauseidvåg på Sunnmøre har samarbeidd med ei lang rekke musikarar frå inn- og utland, og har gjeve ut ei rekkje album som av mange vert karakterisert som «verdsmusikk».
Svenske Roger Tallroth er ein unik folkemusikk-gitarist. Han er oppfinnsam som få, og hans måte å blande bassgangar med komp, med- og motstemmer, er eit varemerke. Han har også utvikla sin heilt eigen måte å stemme 12-strengaren sin på, ein metode som andre gitaristar verda over har henta inspirasjon frå.

Annbjørg Lien – hardingfele, nykkelharpe
Roger Tallroth – gitar

 

 

JON SOLBERG / ANNE GRAVIR KLYKKEN

Den andre duoen for kvelden sitt musikalske utgangspunkt er eldre opptak med ulike folkemusikkutøvarar frå Telemark. Den ferske duoen har i vinter vore i studio og no er det duka for feiring av ny plateutgjeving.

Jon Solberg er musikar, låtskrivar og tekstforfattar frå Bø i Telemark. Han er mellom anna kjend som vokalist og frontfigur i bandet Ni Liv, og som soloartist.
Anne Gravir Klykken frå Solum i Skien er folkesongar og har ei rekke plateutgjevingar bak seg, inkludert samarbeid med Knut Buen, Bugge Wesseltoft, Iver Kleive og Sigmund Groven.

 

 

Jon Solberg – gitar, feler, banjo
Anne Gravir Klykken – vokal