Det har gått nesten sju år sidan førre plata til Annbjørg Lien kom ut, men no er det endeleg duka for ny musikk frå verdas mest kjende hardingfelespelar. Det er eit stjernelag som er med på både plate og konsert, og me gler oss stort til å høyre resultatet på platesleppet.

 Annbjørg platedebuterte allereie 12 år gamal på LPen Eg er liten eg (1983), og i 1986 blei ho landskjend gjennom eit portrettprogram i NRK. Ikkje lenge etter fekk ho platekontrakt med Heilo, og i 1988 kom det fyrste soloalbumet Kjellstadslåttar. Same år danna ho, Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal folkemusikkgruppa Bukkene Bruse som raskt vart ein av dei mest suksessfulle folkemusikkgruppene me har hatt her i landet. 
Sidan debuten har Lien gitt ut ei lang rekkje album, både som soloartist og med grupper som Bukkene Bruse og String Sisters, og no er det klart for soloskive nummer 13 i rekkja. Det er ei tvisynt plate ut i frå tittelen, men det er noko me truleg får svar på 19.februar - her på Riksscenen! 

Annbjørg Lien – hardingfele, nykkelharpe, vokal
Hans Fredrik Jacobsen – fløyter
Knut Reiersrud – gitar
Bjørn Ole Rasch – trøorgel
Rune Arnesen – perkusjon/trommer

 

Post-prat med Annbjørg Lien

Etter plateslipp-konserten får publikum møte artisten og verdas mest kjende hardingfelespelar, Annbjørg Lien, til samtale: Om historia bak og arbeidet med den sylferske plata Janus, og om hennar virke som musikar, kunstnar, formidlar og mentor - og forskar på fingerlesing.

Annbjørg Lien møter Guro Kleveland, redaktør av musikktidsskriftet Ballade til samtale.

Tid:  kl. 21.00-21.30
Sted: Riksscenen, Kjellerbaren
Gratis inngang.