Helga med keltisk musikk fortset med tre solokonsertar med dei tre medlemmene i KGB før Phil Cunningham og Aly Bain tek over stafettpinnen utpå kvelden.     

Solokonsert
Klubbscenen 18.00: Frankie Gavin kun helgepass

Frankie Gavin er ein av Irlands største felespillere gjennom alle tider. Han er uløyseleg knytt til rolla som grunnleggjar av superbandet De Dannan og spelingar med m.a. The Rolling Stones, men her får de eksklusiv konsert med sjølvaste Frankie Gavin - heilt solo!

 

Solokonsert 
Klubbscenen 19.00: Paddy Keenan kun helgepass

Paddy Keenan er ein av Irlands fremste utøvarar på fløyter og irsk sekkepipe. Han er kanskje best kjent som grunnleggjar av det verdskjende folkbandet Bothy Band frå 1970-tallet, men her får de mannen i originaltapping - heilt åleine!

 

Solokonsert
Klubbscenen 20.00: Dermot Byrne kun helgepass

Dermot Byrne er ein av Irlands fremste tradisjonelle toraderspelemenn, for mange spesielt kjend gjennom gruppa Altan. Han har turnért med musikarar som Dónal Lunny, Steve Cooney og Stéphane Grappelli, men denne kvelden står han åleine med toraderen sin på scenen!

 

Hovedsscenen 21.00: Aly Bain & Phil Cunningham 300/200 eller helgepass

 

Med duoen Aly Bain og Phil Cunningham er skotsk folkemusikkadel representert i årets Norse-Gaels Folk Fest. Begge to ber tittelen MBE (Most Excellent Order of the British Empire) for sitt musikalske bidrag til verda, og som duo har dei gjeve ut ni plater saman, den siste i 2020. Dei hadde fast innslag på nyttårsfeiringa til BBC´s Hogmanay Live frå 1989 til 2019, har spelt konsertar overalt i verda og hatt musikalsk samarbeid med “alle” prominente musikarane som finst.

 

Aly Bain (f.1946) kjem frå Lerwick på Shetland, og vart kjend langt inn i folkemusikkretsar gjennom bandet “Boys of the Lough”. Sidan den tid har han spelt med alle som har noko å melde innanfor folkemusikk og tilstøytande sjangerar, som til dømes Jerry Douglas, Emmylou Harris, Mark O'Connor, Phil Cunningham, James Taylor, Bruce Molsky og vår eigen Lillebjørn Nilsen for å nevne nokon få. Han vart MBE (Most Excellent Order of the British Empire) for sin musikalske innsats i 1994 og har tittelen æresdoktor ved fem universitet!

 

Phil Cunningham (f.1960) kjem frå Edinburgh i Skottland byrja i særs ung alder å spela fele og trekkspel, og trakterer i tilleggein mengd andre instrument. Han starta karriera si i den legendariske gruppa “Silly Wizard” i 1976, starta bandet  “Relativity” saman med broren Johnny i 1985, og har seinare samarbeida med kjende musikarar som Mark Knopfler, Bonnie Raitt, James Taylor, Rosanne Cash og Eddi Reader for å nevne nokon. Phil vart utnevnt til MBE i 2002 og vart den fyrste professoren i skotsk musikk ved Royal Scottish Academy of Music i 2009.

Vel møtt til konsert med to verdsstjerner på folkemusikkhimmelen!

 

Aly Bain – fele, Phil Cunningham - trekkspel

 

 

22.30 - 03.00 jam i Klubbscenen kun helgpass