Duoen Alvina & Gard til byr inn til ei verd av eigenskriven musikk med debutalbumet Tillflykten og har lagt platesleppet til Riksscenen.

Daggry, stiar og skumring er nokre av stadene Alvina & Gard besøker på ferda gjennom albumet. Stader som gir tryggleik. Stader å venda seg til for å koma ifrå det som er vanskeleg. Tilflukter i ei verd som ein iblant kan tru har gått fullstendig amok.

På leikfullaste alvor skaper dei nye måtar å fortelja på med låtspel på to feler. Forankra i svensk og norsk tradisjon balanserer dei lengst ut på kanten i fri improvisasjon og kontrapunktiske stemmer, heile tida i tett samspel og med glimt i auget.

Alvina Herbinger Rygne har røtene sine i svensk folkemusikk og er riksspelman på låtar frå heimtraktene i Närke. Gard Nergaard er ein musikalsk nomade som gjerne går over bekken etter inspirasjon, men har bakgrunnen sin i feletradisjonen frå Agder. Dei har begge veksla mellom djupdykk i tradisjon og nyskapande prosjekt og har nå Stockholm som base.

Alvina Herbinger Rygne - fele
Gard Nergaard - fele