“The hottest group in the Celtic realm these days” -The Boston Globe

 

Det er ei stor ære og glede å kunne presentere det irske bandet Altan under årets Norse Gaels Folk Fest! Altan er ein av dei store folkemusikkbanda frå den grøne øya, og det fyrste som fekk platekontrakt med stor internasjonal label då dei signerte for Virgin Records i 1994.
Altan vart stifta i County Donegal av ekteparet Mairé Mhaonaigh og Frankie Kennedy i 1987. Bandet platedebuterte i 1989 med skiva “Horse with a heart” og har etter det gjeve ut 12 fullengdere til, den siste på stamma “the gap of dreams” i 2018.
Altan har turnert verda rundt i snart 35 år, og har samarbeidd med musikarar som Dolly Parton, Enya, The Chieftains, Bonnie Raitt, Alison Krauss og mange andre på rundane sine

 

“…under no circumstances should they be missed in concert” - Irish Echo, New York 

 

Mairéad Ní Mhaonaigh – vokal, fele
Ciarán Curran – bouzouki
Mark Kelly – gitar
Dáithí Sproule – gitar, vokal
Martin Tourish – trekkspel