Det vert tre timar med dansefest på nettet når Riksscenen inviterer til direktesendt gammaldans frå Rudi Gard i Gudbrandsdalen.

Kveldens meny er dei to kjende og anerkjende gruppene Halvraske Menn og Dølalæte, og i tillegg vert det solospel med Tom Willy Rustad og ei rekkje overraskingar. Øystein Rudi er sjølvsagt som vertskap og programleiar for å lose oss gjennom kvelden.  

Bak navnet «Halvraske Menn» gøymer det seg ein røynd kvartett med Roger Slåstuen (fele), Geir Marius Thorud (trekkspel), Kjartan Haugen Foss (gitar) og Henning Grindstuen (kontrabass), med andre ord godt kjende musikarar i gammaldansmiljøet. Sjølv om gjengen berre har eit par års fartstid som gruppe veit me likevel at her vert det servert dansemusikk frå øvste hylle.

Dølalæte sto opp att i nyt form i 2012 og har etter det halde dansegolv langt utover Gudbrandsdalen gåande til langt på natt. Den delvis Oslo og Gudbrandsdalsbaserte gjengen består av Hans Sandum (fele), Eilev Øverbø (trekkspill), Terje Rusten (trekkspill), Gro Visdal (kontrabass) og Odd Nesje (gitar). Gruppa har fleire topplasseringar både på Landsfestival og Storefjellstreffen dei seiste åra.

Multiinstrumentalist Tom Willy Rustad tek med seg noko av arsenalet sitt til Rudi Gard og spelar solo frå scenen i løpet av sendinga. Den viritouse musikeren som er leiar av folkemusikklinja på Vinstra har ei breidde i repertoar og instrument som få andre kan skilte med. At det vert strålande veit me, men kva han spelar på er det vel berre han sjølv som har nokonlunde kontroll på.

Alt dette og meir vert levert direkte frå Rudi Gard heim til alle via Riksscenen Strømmer – god dans!


Om Rudi Gard (tekst hentet fra www.rudigard.no):
Vi er fire generasjonar som bur på Rudi, og saman med trivlege medhjelparar likar vi å få gjester til gards. Visjonen er å bidra til at Gudbrandsdalen blir betre og meir interessant for oss som bur her, for hyttefolk og tilreisande. Sang, musikk, humor og glede er ein viktig del av opplevinga på Rudi. På scena i Rudilåven står både landskjente artistar og gode folk frå dalen. I blant er det intimkonsert der du virkeleg kjem tett på. Andre kveldar fylles tun og låvar med blide folk i hopetal. Men alltid er det den gode stemninga som blir når folk treffast i trivleg lag og har god tid. Vi håper du finn opplevingar du har lyst på i årets program, og ønskjer velkomen til gards for nittande året på rad! 
– Helsing Nina og Øystein Rudi