Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Norse-Gaels Folk Fest

11. og 12 november inviterer Riksscenen til andre utgåve av Norse-Gaels Folk Fest! To dagar med konsertar, jam, workshops og nokre av dei mest prominente utøvarane innan keltisk musikk. Navnet Norse-Gaels har sitt opphav i tidleg middelalder, og er ei nevning for folket av norrønt og gælisk opphav som regjerte i området rundt irskesjøen og Skottland i over 300 år. Alt på 800-talet byrja busettarar frå Skandinavia å blande gener og språk med innfødde gælarar. Dei miksa lokale skikkar og religion med sitt norrøne opphav, og ut av det kom kulturen Norse-Gaels. Helga er altså vigd keltisk musikk, og for nokon makalause musikarar me skal presentere! Frå Irland og Skottland kjem internasjonale storleikar innan keltisk musikk for å halde konsertar, og det vert sjølvsagt jamsessions til langt på natt kvar kveld.

BILLETTAR: 
 Festivalpass kr 675 + bill.avg.
Gjeld for alle konsertar fredag og laurdag, og gjev gratis workshop laurdag(egen påmelding) samt sikrar plass på jam i kjellaren etter konsertane begge dagar. 
 Enkeltbillett til konsert med Dervish kr 350/280 + bill.avg
 Enkeltbillett til Andy Irvine kr 240/180 + bill.avg.
Enkeltbillett til Carlos/Sweeney/McCartin kr 100 + bill. avg

Enkletbillett til Ryan Young & David Foley kr 100 + bill. avg

 

 

 

Riksscenen.no
Besøk / visit:
Schous Kulturbryggeri, Trondheimsveien 2, Oslo

Post:
Postboks 4784, Sofienberg
N-0506 Oslo, Norway
Org.nr.: 991497137
Følg oss på Youtube Følg oss på facebook Følg oss på twitter
Information in: