2. februar 1821 vart Jakob Olsen, seinare kjend som Fel-Jakup fødd. I høve 200-årsdagen til «Gudbrandsdalens Myllargut» samlar Riksscenen nokre felespelarar og kjennarar for å minnast storspelmannen. Det vert slåttar av og etter Fel-Jakup i solo og samspel og Ola Grøsland bind kvelden saman med soger om liv og lagnad.

Alle kan bli med på feiringa frå heime i stova gjennom strømming på Facebook. Som oppvarming kan du høyre Erling Kjøk spele og fortelje om Fel-Jakup, intervja av Sven Nyhus på NRK frå 1976: https://tv.nrk.no/serie/besoek-hos-erling-kjoek/1976/FMUS20003775/av