Riksscenen nyproduksjon
03
lørdag
25
mars 2017
Dørene åpner 2000
Konsert 2100
Billett 250/150
ARRANGEMENTET ER AVLYST

Power Folk

TRAD.ATTACK!
& SÅNN SKA DET VÆRE!

Power Folk Trioen Trad.Attack! frå Estland nyttar tradisjonelle låtar, ofte skrapete arkivopptak med gløymde stemmer frå landsbygda, og bygger pulserande og rytmiske strukturar av dei. Resultatet vert eit imponerande stort lydbilete frå akustisk gitar, trommer og eit arsenal av fløyter, munnharper eller sekkepiper.

Alle dei tre musikarane har fått den tradisjonelle musikken inn med morsmjølka, og hadde kvar for seg vore aktive på den estiske musikkscenen i årevis då dei stifta bandet i 2014. Motivet for å starte opp var å lage noko moro og eksperimentelt, så i løpet av kort tid hadde dei mekka fem songar som dei gav ut i form av ein sjølvprodusert EP. Utgjevinga vart overraskande nok ein lokal hit, og trioen utnytta momentet til å gje ut sin fyrste fullengdar «Ah!» i 2015. Frå oppstarten i 2014 og fram til no, to år seinare, har trioen motteke ikkje mindre enn 14 nasjonale musikkprisar i heimlandet! I tillegg har dei fått stor merksemd i utlandet, noko som fram til no har ført til at den ferske trioen har halde konsertar i 25 land, frå Kina til Canada.

Sandra Sillamaa – vokal, fløyter, sekkepipe
Jalmar Vabarna – vokal, gitar
Tõnu Tubli – vokal, perkusjon

Sånn ska det være

Sånn ska det være er ein konsert i krysningspunktet mellom hiphop, jazz og folkemusikk. Stemningane i rommet bestemmer både innhaldet i tekstane og kva grooves musikerne startar opp. Det er morosamt og leikent, men også med plass til sorg, sakn, analyse, aggresjon og andre stemningar og uttrykk. Publikum styrer skipet utan at det nokon gang har blitt kapret.Kveldens ledes av Per Olav Hoff Mydske aka Skranglebein, blant annet kjent fra den legendariske Fredrikstad-hiphopgrupppa Pen Jakke. En ordsmed og mester i freestyle rap. I forestillingen møter østkyst-hiphopen Skrangle har vokst opp med folkemusikken han har ramla uti de siste tre årene. Under ligger friheten fra jazzen både i uttrykk og metode.

Konserten er under leiing av Per Olav Hoff Mydske, aka Skranglebein, mellom anna kjend frå den legendariske hiphopgruppa Pen Jakke frå Fredrikstad. Ein ordsmed og meistar i freestyle rap. I løpet av konserten møtes østkyst-hiphopen Skrangle vaks opp med og folkemusikken han har ramla uti dei seiste tre åra og blandar seg med alt frå visesong og verdsmusikk.

Per Olav Hoff Mydske - vokal
Magnus Jr Larsen - kontrabass, cello
Tuva Syvertsen - hardingfele, vokal, mandolin
Erik Sollid - bratsj
Vincent Velur - orgel
Anders Røine, langeleik/munnharpe
Siv Øyunn Kjenstad- trommer, perkusjon

 
#3747767