Da Riksscenen vart kåra til Årets Folkemusikkarrangør 2013 på FolkOrg sitt årsmøte, beslutta vi å donere premien, 10.000 kroner, til vinnaren av årets ope klasse på Landskappleiken. Vinnaren vart duoen Benedicte Maurset og Stein Urheim, to musikarar som er aktuelle med kvar si nyutgivelse i vår. Her kjem resultatet, i form av eit dobbelt plateslepp!

 

Maurseth/Valland Nordli m/ Bjerck
Åsne Valland Nordli er vorten omtala som songaren med det store hjarta. Saman med hennar lyriske og vakre røyst, får ein kraft og suggesjon gjennom Benedicte Maurseth sine rike klangar og bogestrøk. Dei har båe sin bakgrunn og opphav i tradisjonsmusikken frå Hardanger. Samarbeidet deira byrja fyrst i 2008 med vokaltrioen Fodne ho svara stilt saman med Berit Opheim Versto og organist Sigbjørn Apeland og seinare i teateroppsetjinga “Hans Børli – Nå med kvinnehånd” saman  med skodespelar Anne Marit Jacobsen ved National Theatret.

Nå har denne ny etablera duoen funne fram til sin tone og språk  kor dei lar seg inspirera av improvisasjonsmusikk, samtidsmusikk og blandar dette med tradisjonelle salmar og slåttar samt mykje eige komponert materiale i folkemusikalsk stil. Det er det enkle, meditative og sanne uttrykket dei forfektar og søkjer som utøvarar. Med seg på denne konserten har dei invitert med seg Snorre Bjerck.  

 

Åsne Valland Nordli - vokal

Benedicte Maurseth - hardingfele, vokal og viola d´amore

Snorre Bjerck - perkusjon

 

Stein Urheim er musiker og gitarist bosatt i Bergen. I 2009 ga han ut sitt debutalbum, Three Sets Of Music, og året etter mottok han Vossajazzprisen. Han har bakgrunn fra så ulike band og prosjekter som Steady Steele, Gabriel Fliflets Åresongprosjekt, Last Hurrah og duo med Mari Kvien Brunvoll. I tillegg har han medvirket på mange innspillinger, og som musiker på konserter og turnéer i inn- og utland. I fjor ga han ut sin andre soloutgivelse, Kosmolodi. Hubro sier dette om albumet: “On "Kosmolodi" this talented and original musician showcases his many different faces. The blues is the cornerstone, but influences from

Musique concrete, jazz and Chinese and Norwegian folk music are also present here.”

Hans nyinnspilte album kommer ut på plateselskapet Hubro, og presenteres for publikum her i dag!

 

Stein Urheim - gitarer, strengeinstrumenter, fløyter, munnspill og effekter