Det vert møte med to av dei verkelege trendsetjarane innan norsk folkemusikk dei seiste 30 åra når ekteparet Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen tek turen frå Tolga til Riksscenen.Tone og Hans Fredrik har så langt eit fantastisk musikalsk samliv å sjå attende på med tre spelemannsprisar og ein mengd andre utmerkingar, turnéar over heile verda, fleire tingingsverk, komposisjon av musikk til teater- og ballettforestillingar og ikkje minst samarbeid med artistar som Erik Bye, Secret Garden, Annbjørg Lien og Halldis Moren Vesaas for å nevne noko og nokon. I februar kjem Tone Hulbækmo ut med ny dobbeltplate, og sjølvsagt er ektemaken med på laget. Plata som har fått tittelen “Stifinner” er, I fylgje Tone sjølv, ei dobbltplate der den eine ser innover og den andre utover, noko ho reiknar som to sider av same sak. Her finn ein essensen av det dei to har jobba med oppover åra, dualiteten mellom det tradisjonelle og det nyskapande, det norske og det universelle. Dei har spelt med musikarar frå heile verda, i heile verda, og musisert seg frå samtida til middelalderen og attende samstundes som dei har samla inn tonar og tekstar i lokalmiljøa sine. I dette universet har dei to multiinstrumentalistane funne seg godt til rette og gjeve publikum haugevis av konsertopplevingar og dei har til saman medverka på langt over 100 plater så langt.

Tone Hulbækmo - vokal, harpe, trøorgel, piano
Hans Fredrik Jacobsen - vokal, fløyter, gitar m.m.