Da månadens artist Olav L. Mjelva skulle finne seg ein samspelspartner til Tett På, havna valet fort på Alexander Zethson. Olav har lenge vore ein beundrar av Alexanders pianospel og musikalitet, og det passa difor perfekt da dei fekk samarbeide i eit prosjekt med Trondheim Jazzorkester for eit års tid sidan. Alexander, som er mest kjend som jazz- og improvisasjonsmusikar, fekk fot for folkemusikken, og da spesielt litt sære hardingfeleslåttar og gamle rørospolsar! I tillegg til å lytte ivrig til og jobbe med gamle arkviopptak, er han å finne på den europeiske jazz- og improscena med ensembler som Je Suis!, Angels 9, og som leiar og komponist for 15- mannsensemblet PUBLIC. Han er og tilsett som solopianist for det svenske filminstituttet der han skriv og framfører musikk for stumfilmar. Denne ettermiddagen får du høyre både solo og samspel, meir og mindre nyskrive materiale av Mjelva, fele. og hardingfeleslagere frå Røros og Hallingdal, samt eit piano i både halvt- og fullt firsprang!