Riksscenen nyproduksjon
10
fredag
06
okt. 2017
Dørene åpner 2000
Konsert 2100
Billett 220/175
10
Mannskoret
ARRANGEMENTET ER AVLYST

Storm Weather Shanty Choir & Mannskoret

Storm Weather Shanty Choir
17 år etter oppstarten har dei seks sjøulkane frå Stord framleis god vind i segla sine og held fram med å fremje den maritime musikkarven på sitt rocka og inkluderande vis. Ein konsert med SWSC er ikkje som andre konsertar, med mindre rungande allsong på songar du ikkje har høyrt før er gjengs vare. Anført av kaptein Håkon Steinar Vatle syner SWSC alltid fram sitt skyhøge energi- og formidlingsnivå, og det på ein såpass overtydande måte at ein skal vera relativt innadvendt og gothic anlagt for å ikkje la seg rive med. Storm Weather Shanty Choir har sunge seg over fleire hav og til mengder av havner dei seiste ti åra. Karane har vore på turnear i både USA og Japan og halde over 400 (!) konsertar her til lands og rundt ellers i Europa. Dei har gjeve ut seks fullengarar der den seiste er ein dokumentasjon på det karane meistrar betre enn dei aller fleste - me snakkar sjølvsagt om den sjølvforklarande plata “Live”!    

Håkon Steinar Vatle – forsongar, gitar
Roald Kaldestad – tenor, gitar, mandolin
Rune Nesse – bass, trommer
Vidar Vedå – bass
Gisle Østrem – lyrisk tenor, trekkspel
Ronny Sætre – baryton

 

Mannskoret er i år 15 år og består av tjueto skravlefantar, fire bassistar, ein haug fedre, nokre trønderar, fire vokalister, eit par bergenserar, to skodespelarar, ein t-skjorteselgar, to regissører, ein bilmekaniker, tre komikarar, ein animatør, elleve nærsynte, fire motorsyklistar, seks døgeniktar, ein ekte østerdøl, ein frimerkesamlar, eit par hobbykokkar, nokre rundbrennarar, så godt som ingen nordlendingar, fem hårlause menn, fire radiofjes, nokre fyllikar, tre gitaristar, seksten ektemenn, tre programleiarar, tolv tullingar og ein bæring eller to. Nokre er særskilt risikosøkande, nokre litt i overkant engstelege, for mange er langsynte, tretten fråskilde, to flugefiskarar, mange frilanserar, ein manager, to-tre langhåra og to skaphomser (statistisk sett). Kort sagt – knapt tretti relativt alminnelege og heilt uvanlege menn, alle fine i tøyet.
Mannskoret repertoar spenner over alt frå smektande korperler og sarte viser til norske rockeklassikarar og beinhard punk ispedd hymner til sprit og umoral. Her får du servert ein blanding av Jokke og Valentinerne, Bellman, The Aller Værste, Raga Rockers, Dead Kennedys, Cornelis Vreeswijk, Kjøtt, Imperiet, Knutsen & Ludvigsen, Frank Zappa, Stefan Sundström og Ramones - a capella!
Legg til nokre fordums nasjonalsongar og kvalifisert tullprat av rimeleg høg kvalitet og du har MANNSKORET - vel møtt!

 

 
#3747767