Erlend Viken frå Oppdal er ein av våre mest spanande musikarar om dagen . Han er utdanna frå folkemusikklina på Vinstra og Noregs Musikkhøgskule, og har dei siste åra livnært seg som freelance musikar. Banda Brimi / Viken og Earlybird Stringband er kjent for dei fleste, og hausten 2013 debuterte han i Oslo og på Riksscenen med sin eigne Vikinj Trio. I tillegg speler han for dansekompaniet Frikar. Med seg denne kvelden har han fått med seg saksofonist Rolf-Erik Nystrøm, kjent frå m.a Poing, Dozo, Hero og Zanussi. Han er og utdanna frå Noregs Musikkhøgskule, og er sjølv forelesar der no, i faget ”improvisasjonsbasert samtidsmusikk”. Han har vore solist med alle dei store norske symfoniorkestra, samt Basel symfoniorkester og Sveriges Radios Symfoniorkester. Han ga ut si fyrste soloskive i 2006, som vart nominert til spelemannspris.