Syng med Unni (12.30 - Klubbscenen)

I dag tar Unni dere med på trolltur! Gjennom sang, rim og regler skal vi bli kjent med store og små troll og tusser. Hjertelig velkommen til en eventyrlig dag på LilleRiksen! Unni synger sanger som nok passer best for barnehagebarn, men konserten etterpå passer for store og små.

 

Fjellguten

Til fjells med Aasmund Vinje (14.00 - Hovedscenen)

 

"All vyrnad han lærde av velværd ku,

av hesten han lærde sansa,

av lambet han lærde seg lett å snu,

av bukken å halling dansa.

Sjå livet ikring deg, så dansar du!"

 

Det er ikkje mange som har fått like mange til å sjå kor storslegne og vakre fjella våre kan vera, som Aasmund Olavsson Vinje.

Han var blant dei fyrste som brukte fjellet som rekreasjon, og han var den fyrste til å formidle opplevingane sine i fjellet - på norsk.

Men han ikkje berre formidla den flotte og storslegne naturen, han skreiv også om arbeidet i fjellet, om gjeting av husdyr, om veiding og fangst og ikkje minst - om dei underjordiske! Men kvifor skal ein formidle tekstar frå midten av 1800-talet til ungar i 2013?

Har ikkje verda gått vidare? Jau nettopp! Verda har gått veldig mykje lenger - faktisk så langt at me treng ei påminning om korleis det har vori for berre fire- fem generasjonar sidan. Me treng ei påminning om kor fantastisk natur me forvaltar, og ei påminning om kor avhengige me er av den for å leva. Me treng ei påminning om respekten for husdyra og for grøda me lever av. Me treng også ei påminning om mystikken i naturen.

Og me treng ei påminning om slikt som ikkje har endra seg minste: elsk og hat, sut og glede! Vinjes tekster kan opplevast som snirklete og tunge, men innhaldet og meininga er ofte allmenngyldig. Historikarar, lærebokredaktørar, komponistar og litteraturvitarar opp gjennom åra har redigert i Vinjes tekster. Dei har forma han og sett han inn i ei nasjonsbyggjande og nasjonalromantisk ramme. Dermed blir han ofte oppfatta som ein nasjonalromatikar. Eg meiner han like gjerne kan lesast som ein ramsalt realist, berre at språket (som var heilt nytt) kan romantisere teksten fordi me oppfattar det som særleg poetisk og vakkert. Nok om det, ungar bryr seg katten om teksten er nasjonalromantisk eller ikkje, men dei bryr seg absolutt om ei god historie og ei fin vise! DET er hovudintensjonen med familiekonserten "Fjellguten". Å gjeva ungane gode historiar, fine songar, og ei oppleving som kan føre til refleksjon over våre overflodsliv.

 

Aasmund Nordstoga - sang

John Vinge - tangentinstrument

Daniel Sandén-Warg - feler

Åsmund Reistad - mandola og gitar