Snakka San & SVER er eit unikt møte mellom den svenske reggae-/dancehallartisten Snakka San og det norsk-svenske folkrockbandet SVER. Samarbeidet byrja i 2012, og sidan har dei hatt fleire låtar på radiolistene i begge heimlanda, mellom anna «Bom Bom Blam Blam Blam» og «Bankman Gangster». Bandet har spelt på klubbscener og festivalar over heile Skandinavia og Tyskland og er eit utruleg bra liveband som er kjenneteikna av ein ustoppeleg energi og ei enorm speleglede.Med Snakka San, ein av Sveriges råaste utøvarar i dancehall-sjangeren, i front og med folkemusikkbandet SVER som backing blir det fullt trykk frå fyrste tone. Snakka San & SVER lanserte den nyaste singelen sin, «Bryt Tystnaden», i november 2016, og endeleg er det klart for Folkhall i Oslo att!

Snakka San – vokal
Jens Linell – trommer
Olav Luksengård Mjelva – fele, hardingfele
Anders Hall – fele , viola
Leif-Ingvar Ranøien – durspill
Adam Johansson – gitar

 
JigJam er det nye stjerneskotet i Irland innanfor det som mange kallar «Keltgrass». Fusjonen av irsk musikk, musikk frå Apallachane og bluegrass har fått mange strenger å spele på dei siste åra, men få, om nokon, gjer det like bra som denne unge kvartetten. Dei sleppte debutskiva si «Oh Boy» i 2014 og følgde opp med “Hello world” i 2016, begge til stor åtgaum nasjonalt og internasjonalt, og er i tillegg kjende for å levere forrykande livesett.  
 
«JigJam are as close to authentic as you can get without having been raised on grits and fried squirrel» – Sean Laffey, Irish Music Magazine.

Jamie McKeogh – vokal, gitar, banjo
Daithi Melia – banjo, vokal
Cathal Guinan – kontrabass, fele, vokal
Gavin Strappe – banjo, mandolin, vokal