Riksscenen nyproduksjon
10
søndag
22
okt. 2017
Dørene åpner 1400
Konsert 1500
Billett 200/130
10
Øivind Brabant
ARRANGEMENTET ER AVLYST

TETT PÅ

ØYVIND BRABANT OG JOHN BONDAL

Spelemannen Øyvind Erling Brabant (f.1956)  frå Nesbyen i Hallingdal er ein av dei ordentlege travarane i norsk hardingfelespel. Han gjekk i lære hjå meistarane Odd Bakkerud, Knut Myrann og Jens A. Myro m.fl og reiknast i dag som ein av dei absolutt fremste tradisjonsbærarane og spelemennene i Hallingdal. Øyvind har i mange tiår vore aktiv på kappleikar og vann m.a. Landskappleiken i klasse A i 1993 i tillegg til ein ukjend mengde mindre kappleikar.  Han har gjeve ut to soloplater og medverka på fleire andre utgjevingar, som t.d. “Meisterspel” frå 1997. Øyvind er ein særs aktiv spelemann og pregar framleis toppen av resultatlistene på både små og store kappleikar med sitt groovy hallingspel. Han representerer Nes Spel- og dansarlag og er musikalsk leiar i Hallingdal Låtelag i tillegg til å vera ein særs ettertrakta dansespelemann.

John Bondal (f.1957) frå Tuddal i Telemark er ein viktig berar av tradisjonen frå dette spelemannstunge området. Han er til dagleg møbelsnekkermester og driv eigen snikkarverkstad i Tuddal i tillegg til hytte-tomtutvikling på fjellet. Det var mykje musikk i heimen, og med 2 eldre brødre som spela var vegen til hardingfela var kort, noko som førte til at han byrja å spela i 9-10 årsalderen. John gjekk i lære hjå meistarane Olav, Kjetil og Einar Løndal samt Hølje Landsverk. Han deltok på sin fyrste landskappleik i Sogndal i 1971 der han gjekk til topps i C-klassa. Seinare vart det mange deltakingar på kappleikar, der konkurrentane var mellom anna konsertens sidemann Øyvind Brabant, samt Hallvard  Bjørgum og Knut Hamre m.fl. John spela seg opp i kl A på Lillehammer i 1977.

 

 

 Øivind Brabant – hardingfele
John Bondal – hardingfele

 

 
#3747767