"The Nordic Fiddlers Bloc er ei unik samansveising av unike feletradisjonar frå tre land; Kevin Henderson frå Shetland, Anders Hall frå Sverige og Olav Luksengård Mjelva har dei siste fire åra spelt på drøssevis av konsertar og festivalar i både Skandinavia, Storbritannia, USA, Canada og Øst-Europa. Debutalbumet kom i 2011 og var med annet med på Songlines Magazines høgtståande liste "Top of the World albums" i 2012. Trioen er kjenneteikna av stor dynamikk og eit lydbilete som fylles av ei glitrende hardingfele på toppen, ei briljant fele i midten og ein rå bratsj eller oktavfele i botnregisteret. Drivande reelar og hallingar, fengande polskar og sarte valser er noko av det du vil få høyre denne kvelden.(Advarsel: Konsertane kan innehalde verbal krigføring mellom Sverige og Shetland med Norge som fredsmeklar.)

Olav Luksengård Mjelva - hardingfele & oktavfele
Anders Hall - fele og bratsj
Kevin Henderson - fele