Da vi utfordra månadens artist Olav Luksengard Mjelva til å fylle ein heilaften med nytt og gamalt fiska han fram eit bandprosjekt han hadde lurt på ei tid. Saman med Georg Buljo ville han lage eit skikkeleg, hardtslåande folkband! Resultatet blir ein eksklusiv heilaften med eit rykande ferskt band på scenen, samt eit velkjent band med ferskt, innøvd materiale!

 

Balder -folkrock med respekt for tradisjonen og blikket fokusert og festet mot fremtiden.
Så ferske at det enda luktar nybakt kjem BALDER til Riksscenen! Dei speller nyskrive nordisk folkrock; energisk, suggererande og massiv! Med Olav L. Mjelva sitt felespel i front er musikken krydra med elegante forsiringer, detaljrikdom og lekre melodilinjer. Med musikarar frå band som Real Ones og Heroes & Zeros blir det ei solid dose rock som er både minimalistisk, tung og framoverlent på ein gong. Dei seier sjølva at musikken har ei primitiv og brutal kraft, der droner, bulder og vokale innslag er med på å gjera det heile til å både rå og vakker oppleving!

Georg Buljo
Olav Luksengård Mjelva
Kåre Opheim (trommer)
Lars Løberg Tofte (bass)

Sver - Ein musikalsk skål til festen, jentene, musikken og livet!
Siden Sver starta som trio i 2002 har det vore eit par utskiftingar, og trioen har vokse til ein kvintett, fortsatt med Olav L. Mjelva og Leif Ingvar Ranøien i spissen. Debutalbumet “Sver” kom i 2007, oppfølgaren “Fruen” i 2010, båe til strålande kritikkar. Dei siste par åra har dei saman med Snakka San servert “FolkHall” til publikum, og turnert i Norge, Sverige, Tyskland og Polen. Frå folkemusikkens djupaste klangbotn meislar dei fram eit kraftfullt lydbilete så sveitten renn, med eit repertoar som appellerer til både bunad og skinnjakker. Med det energiske samspelet og verbale røverhistorier pumpar dei liv i slitne kvardagshjerter og gjer helsebringande lykkerus! Hit kjem dei med ferskt materiale, og er klare til å bekrefte det ein gong for alle; Sver er ekte, norsk fest, og byr opp til dram, hallingkast og slagsmål!

Olav Luksengård Mjelva - fele, hardingfele
Anders Hall - fele, bratsj
Leif Ingvar Ranøien - torader
Jens Linell - perkusjon
Adam Johansson - gitarer