STILT TRØR KVINNER I SØRGEDANS

- ei forestilling om tre kvinner frå tre ulike hundreår og forteljingane om deira liv og lagnad.
I 1349 stengde ein far einaste dottera inne i stabbursloftet på garden. Slik skulle ho overleve svartedauden.
I 1733 vart Liv Engebretsdotter avretta som den nest siste i Hallingdal, dømd for å ha teke livet av sitt nyfødde born.
I 1861 emigrerte Gro Gudmundsrud 20 år gamal til Amerika for å kunne leve med mannen ho elska.
Dette er historier om kvinner som stod åleine med ei maktesløyse det kan vere vanskeleg å setje seg inn i. På kvart sitt vis var dei tvungne til å bryte opp frå alt det vante og kjære og stå einsame i verda. Korleis tenkte dei og kva drøymde dei om?

Margit Myhr - song og forteljing, Leif Stinnerbom - regi, Eldgrim Springgard -  manus  

foto: Signe Fuglesteg Luksengard