Oslo har dei siste åra vorte ein hovudstad og for folkemusikk og folkedans. Saman med nokre av spelemannslaga innafor bygrensa inviterer vi til konsert og dans, ein skikkeleg festkveld! Tradisjonsrike Østerdølenes Spelemannslag og Gudbrandsdølenes Spelemannslag, som båe har lang fartstid i Oslo, skal saman med Sofienberg spelemannslag og Oslo juniorspelemannslag presentere sine respektive tradisjonar som spenner frå pols, springleik og ikkje minst: runddans! Her blir det musikk for både kropp og sjel, ung og gamal og ikkje minst - det blir dans på norges beste dansegulv! Konserten starter kl. 20, dans etter konserten!

Østerdølenes Spellmannslag

Gudbrandsdølenes Spelemannslag

Sofienberg Spelemannslag

Oslo Juniorspelemannslag