Lady Hardanger reiste frå Vestlandet, ramla i gumbogryta i Louisiana og fann vakre popviser i undergrunnen i Berlin. Slik enda dei opp med å spele ei frisinna blanding av cajunmusikk, old time, calypso, pop og norsk tradisjonsmusikk.
Kven er så Lady Hardanger? Kanskje er det ho som spelar på det norskkonstruerte sløydinstrumentet mandolaika. Eller han som slår på det øyredøyvande støypejernstriangelet som cajun-folket bøygde av sine eigne utslitne jordbruksreiskapar.
Lady Hardanger er ikkje så opptatt av roller, sjølve er dei både barndomsvenner, elskarar, eksar og naboar. Og om låtane dei spelar, ikkje alltid fortel deira eiga historie, så fortel dei – som gode låtar skal – direkte og ærleg om livet, lidinga og kjærleiken.

Ingeleiv Berstad – vokal, fele
Anne Lise Frøkedal – vokal og gitar
Ingemund Askeland – banjo, munnspel, vokal
Olav Christer Rossebø – fele, mandolin, vokal