Riksscenen nyproduksjon
11
torsdag
30
nov. 2017
Dørene åpner 1930
Konsert 2115
Billett 200/130
ARRANGEMENTET ER AVLYST

KVEDARKVINTETTEN

For denne glade joletid 
- plateslepp med Kvedarkvintetten!
 
Kvedarkvintetten er ute med si andre plate! Dei vil denne gongen dele med seg av det vokale julematerialet som er nedskrive i Hallingdal. Der finst mykje ubrukt stoff liggjande som fortener å kome fram i lyset og Kvedarkvintetten ynskjer difor å gje nytt liv til desse julesongane.
 
Kvedarkvintetten er ei vokalgruppe som syng folkesongar frå Hallingdal a capella i fleirstemte arrangement og består av fem songarar frå Torpo i Hallingdal. Gruppa har opptredd på ei rekkje scener og festivalar i inn- og utland og fyrste plata kom i februar i fjor. I 2017 har dei 10-årsjubileum som kvintett, noko som markerast med juleplate og konsertar rundt om i landet.
 
Silje Risdal Liahagen – vokal
Tonje Risdal Liahagen – vokal
Helga Myhr – vokal og hardingfele
Sina Myhr – vokal
Margit Myhr – vokal og lyre
 
#3981968