Kirsten Bråten Berg

– Eg er jo så mykje aleine elles!

Derfor sett Kirsten Bråten Berg ekstra pris på å  spele saman med andre når ho er månadens artist på Riksscenen i november. 

For å vera folkesongar og sølvsmed, langt inne i Setesdalen, kan vera einsamt. 

– Grunnen til at eg vil gjera konsertar saman med andre musikarar er at eg er så mykje aleine elles. For 35 år sidan spelte eg mykje med Slinkombas (Spellemannpris-vinnande folkemusikkgruppe frå Setesdal med Hallvard Bjørgum, Gunnar Stubseid, Kirsten Bråten Berg, Tellef Kvifte og Hildur Øygarden) her heime, men nå har folk det så travelt på kvar sin kant, så da blir eg sittande aleine og lytte til arkivopptak på datamaskina. Så når eg da får moglegheita til å spele for folk gjer eg det aller helst saman med andre, seier Bråten Berg. 

Det er gode, gamle samarbeidspartnarar Kirsten har bede med seg når ho i november er månadens artist på Riksscenen. Fyrst ut er konserten med Bråten Berg og Lena Willemark. 

– Eg og Lena møttest fyrste gong under Falunfestivalen for om lag 30 år sidan. Det vart til eit varig venskap, som har resultert i fleire musikalske samarbeid, mellom anna bestillingsverk til Molde-jazz saman med Ingrid Lorentzen og Marilyn Mazur, fortel Bråten Berg. 

Deretter skal ho halde barnekonserten Dommelidei saman med ein annan fleirårig samarbeidspartnar, Annbjørg Lien, før konsertserien på Riksscenen blir avslutta med ein slags ”best of Kirsten Bråten Berg” 29. november, sjølvsagt saman med bassisten Arild Andersen. 

– Det var eit ønske frå Riksscenen dette, og konserten vil innehalde musikk frå folkemusikkrepertoaret mitt, men også frå plata Syng du mi røyst, der eg og Arild spelte inn fleire viser som har følgt meg ved sidan av folkemusikken.  

Samarbeidet med Arild Andersen har vart sidan starten av nittitalet. 

– Det musikalske samarbeidet med Arild har gitt meg og gir meg veldig mykje. Vi hadde ei 20-årsperiode der vi reiste mykje rundt og spelte, men dei siste åra har eg vore meir heime og det har vore mindre speling for oss. Derfor gler eg meg veldig til dette, seier Kirsten Bråten Berg. 

– Ja, kva er det eigentleg som fungerer så godt mellom deg og Arild? 

– Eg trur at ein av dei største utfordringane for norske folkesongarar er å få rom i samspel med andre musikarar. Arild lyttar og han svarar. Det er ikkje så mange av dei musikarane i folkemusikkmiljøet som er såpass rause overfor folkesongarar, seier Bråten Berg, som byrjar å bli husvarm på Riksscenen. 

– Fyrste gong eg var der var eg faktisk litt skremt. Det er eit stort lokale, og veldig urbant. Men eg har vore der ein del i det siste, og byrjar å trives godt der nå, smiler Kirsten Bråten Berg.     

(Bjørn Sletten er redaktør i Bladet for Folkemusikk)