Riksscenen nyproduksjon
Eyolf_Johnsen
søndag
05
mars 2017
Dørene åpner 1230
Konsert 1300
Billett 50
ARRANGEMENTET ER AVLYST

LILLERIKSEN for barnefamilier

FELEFLAUM OG SOGESTRAUM

«Feleflaum og sogestraum» er namnet på ein leiken og stemningsfull forteljarkonsert. Her får du møte jenta som spelar i huldrebryllaup, og du får høyre andre gamle eventyrskattar frå Vestlandet. Forteljingane vert fletta saman med musikk og song til ei heilskapleg oppleving for små og store. Før framsyninga har LilleRiks-vert Vegar laga ei lita skattejakt, og kanskje finn vi nokre spanande forteljingar, eller kanskje vi finn ein sjokolade eller to?
Hanne Oftedal har fordjupa seg i tradisjonell forteljarkunst. Ho er ein forteljar som med varme og engasjement formidlar eventyr for born, unge og eldre.
Gro Marie Svidal er ei av dei mest anerkjende og virtuose folkemusikarane våre, med lang erfaring i sceniske produksjonar. Mange hugsar henne frå teaterstykket «Den vesle Prinsen».

Gro Marie Svidal – song, hardingfele
Hanne Oftedal – forteljar
#3981968