Riksscenen inviterer til storstilt bygdedansfest når Håkon Høgemo, Ottar Kåsa, Øyvind Brabant, Tore Bolstad, Inge Gjevre og Tron-Steffen Westberg entrar scenen! Dei seks karane skal syte for at stort sett alle som er interesserte i bygdedans, skal få metta si denne kvelden. (Øivind Vabø erstattes av Håkon Høgemo)


Ottar Kåsa frå Arabygdi / Bø i Telemark treng vel ikkje nærare introduksjon, men ein kan alltids nemne at han har vunne Landskappleiken tre av dei fem siste åra på hardingfele, og spelemannpris for soloplata «Ottar Kåsa» i 2012.

Øyvind Brabant frå Nesbyen i Hallingdal er ein av dei gode gamle travarane i norsk hardingfelespel. Han har gjeve ut to soloplater, vann Landskappleiken attende i 1993 og pregar framleis toppen av resultatlister med groovy hallingspel, og han er ein særs ettertrakta dansespelemann.

Tore Bolstad frå Heggenes i Valdres er ein av dei viktigaste og beste spelemennene i dalføret. Han vann Landskappleiken på hardingfele i 2001 og har vore læremeister og inspirasjon for spelemenn som Jan B. Granli og Laura Ellestad ofl.

Inge Gjevre frå Vågå er utan tvil ein av dei beste toradarspelemennene i landet. Han har stilt opp på landskappleik sju gonger, vunne fire av dei og med tredje plass som «dårlegaste» resultat! Han har gjeve ut fleire doble soloalbum, samt mengder av andre utgjevingar med m.a. Jutullaget.

Tron-Steffen Westberg frå Brekken utanfor Røros er av mange rekna som den råaste spelemannen i landet. Den eggande rytmen og knallharde grooven som oppstår når Tron-Steffen angrip fela og spelar gammalpols, får hardcoreband til å framstå som kattungar med panfløyte.

 
Håkon Høgemo – hardingfele
Ottar Kåsa – hardingfele
Øyvind Brabant – hardingfele
Tore Bolstad – hardingfele
Inge Gjevre – toradar
Tron-Steffen Westberg – fele