1930
Eg visste ikkje du kunne danse.
Interaktiv danseframsyning basert på folkemusikk og dans frå Romsdal.
Folkemusikar Britt Elise Skram og folkedansar Anna Liv S. Gjendem har samla inn musikk og dans frå Romsdal og skapt ei framsyning om å overvinne angsten for å dumme seg ut, om å komme seg ut på golvet og gleda over å vere med i dansen. Dei har motteke Møre og Romsdal fylkeskommune sitt kunstnarstipend for å utvikle denne framsyninga som no blir til i samarbeid med Teatret Vårt.
Vi gler oss til å by opp til dans på Riksscenen.

Anna Liv Skjelten Gjendem – dans
Britt Elise Skram – fele
Stefan Olsen – lys/lyd
 

2030
I år er det landskappleik på Røros og landsfestival på Oppdal. For å markere dette held me kræsjkurs i folkemusikkfestival med kurs i rørospols og gammaldans i forkant av kveldens dansefest. 

For å halde på temaet utover kvelden er det dei to strålande gruppene Bjørkås Kvintett frå Oppdal og Småviltlaget frå Røros som står på scenen og leverer gammaldans og pols av høgste kvalitet.
Småviltlaget, frå Røros og omegn, vart starta heilt attende i 1994, og har sidan den gong fått tusenvis av danseglade publikummarar til å svinge seg i inn- og utland med sitt drivande dansespel.
Bjørkås Kvintett frå Oppdal er ein av landets aller fremste gammaldansgrupper dei seiste åra. Med felespelaren Knut Håvard Bjørkås i front, har kvintetten sidan oppstarten i 2012 allereie rukke å vinne landsfestivalen i gammaldans og spelt på dansefestar over heile landet.