Denne gong vert det to markante damer frå to ulike distrikt og tradisjonar, ei med hardingfele og ei med fele, men likevel med mange fellestrekk, som ein får møte «Tett På».

Astrid Sulheim (f. 1977) er busett i Lom i Gudbrandsdalen der ho til dagleg jobbar som fastlege. Ho har hatt Rolv Brimi som læremeister og i tillegg lært av Knut Kjøk, Amund Bjørgen og Bjørn Odde. Ho har vore aktiv i Lom spelmannslag sidan starten av 90-talet, er med i felegruppa «Tufskrøkjun» og gav ut plata «Atterljomen» saman med Aslak Brimi og Bjørn Kåre Odde i fjor. Astrid har vunne A-klassa på Landskappleiken tre gonger og figurerer blant dei øvst plasserte i den tevlinga kvart einaste år.

Åse Teigland (f. 1975) frå Utne i Hardanger har i ei årrekke arbeidd som frilansmusikar og produsent med base i Bergen. Bak seg har ho ei rekkje plateinnspelingar, m.a. solo-plata «STILLE» (2008) som vart nominert til Folkelarmprisen. Åse er særleg oppteken av mangfaldet som bur i slåttemusikken. Ho leitar fram materiale frå gamle opptak og notenedskrifter og arbeider fram sitt eige uttrykk. Åse vann Landskappleiken på hardingfele i 2005 og har fått ei rekkje prisar og stipend for arbeidet sitt.
Etter konserten vert det ein prat med Ola E. Bø om felespel og likskapar eller ulikskapar i tradisjonane deira.

Åse Teigland – hardingfele
Astrid Sulheim – fele