Med materiale frå m.a. Noreg, Serbia, Makedonia, Bulgaria, og væpna med sterke inspirasjonar frå desse tradisjonane, komponerte og arrangerte ho ei musikalsk reise som tek oss gjennom ulike kulturar og tidsperiodar. Reisa fører oss inn i eit univers der jazz og folkemusikk frå dei ulike kulturane smeltar saman og får nytt liv - alt respektfullt framført på originalspråka til grunnmaterialet.

Saman med Jo Asgeir Lie på trekkspel, Kåre Opheim på perkusjon og Torbjørn Økland på trompet og ymse strengeinstrument, har Signe Førre videreutvikla verket, og no er dei klare til å syna fram musikken på ny! 

 

Signe Førre – kontrabass, vokal
Torbjørn Økland – trompet, bouzouki, gitarar
Jo Asgeir Lie – trekkspel
Kåre Opheim – trommer, perkusjon