Du har tidligere gitt ut plater med band som Kjorstad Brothers, Morgonrode, Reolô og Vassvik – og kom nylig med din første soloplate, Spelstund. Kan du si litt om musikken på denne utgivelsen? 

 

– Musikken på Spelstund er av mine absolutte favorittslåttar, og i all hovudsak har eg lært dei av Erik Bjørke. Det er stort sett gamle springleikar, nokre hallingar og nokre få visetonar/lydarslåttar. Dei aller fleste slåttane er etter Iver Storodden. 

 

På dette albumet spiller du fele, oktavfele og langleik. Jeg vet du har gått i lære hos eldre, lokale utøvere som Erik Bjørke, i tillegg til studier ved Norges Musikkhøgskole. Men er du også til en viss grad autodidakt, blant annet i forhold til improvisasjon?

 

– Eg har studert musikk og har hatt mange lærarar, men mykje av jobben - øvinga, lyttinga til andre og tolkinga av det, måtar å gjera ting på - slike ting har eg nok funne ut av sjølv, ja. 

 

Spelstund er spilt inn i stugun i våningshuset, Nordstugu, på pilegrimsgården Budsjord på Dovre. Var disse omgivelsene også med på å prege og forme innspillingene, sammen med instrumentene du spilte på? 

 

Absolutt. Eg elskar slike rom. Stugu på Budsjord og musikken eg spelte går så saman at ein merkar at musikken kjem godt ut av det. Det er akkurat passe klang – og lyden ber godt. I tillegg er det så fin natur der, og eg og Anders Hana, som var medprodusent og lydteknikar, var heilt åleine på garden og kosa oss med musikk, rakafisk og god drikke. 

 

Du har markert deg på flere felt og i mange konstellasjoner. Er det en styrke for deg som musiker å prøve deg på forskjellige musikkformer, tror du? 

 

– Eg likar å spele mykje forskjellig musikk. Eg trur ikkje det er slik at noko går utover det andre. Ein blir vant til å høyre mykje forskjellig og blir open - som for meg har vore veldig viktig, som improviserende musiker så vel som solospelmann. At ein er medviten til det ein driv med, er av det viktigaste for meg. 

 

24. september gjør dere en forestilling på Riksscenen som heter Dålågjel. Kan du røpe litt om hva folk har i vente – og hvem dere vil ta med dere på scenen? 

 

– «Dålågjel» er eit tingingsverk til Jørn Hilme-stemnet i sommar. Vi spelar det au på Motvindfestivalen i Numedal rett etter Hilme. Det er eit prosjekt Hans og eg har snakka om ei stund, kanskje på kvar vår måte.

 

– Hans initierte det og har arrangert mykje av musikken. Tanken har vore å arrangere slåttar utan å leggje til andre tonar eller rytmer enn det som ligg i slåtten. Trikset er å dele alle elementa i slåtten frå kvarandre og så distribuere dei utover heile bandet og setja dei saman att akkurat slik dei er spelt i arkivopptaket. Korleis det vil høyres ut er vi alle spent på. 

 

– Det er vi to, Helga Myhr på hardingfele og vokal, Astrid Garmo på hardingfele og vokal, Kenneth Lien på munnharpe, hardingfele, lyre og langleik. Alle bidreg au perkusivt, anten med tramp eller andre gjenstandar. 

 

Du og Kenneth Lien har også et arrangement søndag 23. oktober, som heter «Dei gamle instrumenta». Hva vil dere bringe til torgs her?

 

– Kenneth og eg sett saman ei forestilling med spenstige, fine og rare slåttar og morosame, alvorlege og skumle fortellingar knytt til instrumenta og håpar det vil vekkje nye langleik-, lyre- og munnharpe-spelarar.

 

– Eg har sjølv lite minne av dei instrumenta frå eg var liten. Det var lite fokus på det, kun såvidt på soloklassene på Landskappleiken. Eg skjønar no at det har vore mykje fokus på det før au, men kanskje enda meir no – og  i eit større miljø enn før? 

 

Det har blitt sagt om deg og Hans at dere er opptatt av å rendyrke «det særegent folkemusikalske, den skeive tonaliteten og de asymmetriske rytmene". Ligger det en mulig vei til nyskapning i å vende tilbake til røttene, og våge å slippe frem de styggvakre og mer improvisatoriske elementene i musikken? 

 

– Absolutt. Vi har støtt gjort det som kjennes naturleg for oss, der og da. Det kjennes verkeleg ut som miljøet vi er i koker for tida. Det er masse spennande som skjer med mange dyktige musikarar. 

 

Denne høsten skal du også være med å feire Hjalmar Fjellhammer, en av de store tradisjonskildene på Fron. Hva kan du kort fortelle om ham? 

 

– Erik Bjørke lærte mykje av Hjalmar. Dei vart etterkvart grannar og dyrka deira felles interesse for felespel og fisking. Hjalmar hadde hundrevis av slåttar etter faren, Jonas Dokken. Han sa sjølv at han sovna til felespel og vakna av felespel – og han lærte lite direkte slik vi gjer i dag. Han berre høyrte dei. Han må ha hatt eit enormt musikalsk minne. 

 

Takk for en fin samtale! Hva er de viktigste planene dine fremover? 

 

–  Alle desse nemnte produksjonane er noko eg gler meg til og likar godt å arbeide med. I løpet av sommaren skal eg òg ha nokre solokonsertar i høve platesleppet til Spelstund. Utanom desse prosjekta har eg i vår arbeidd mykje med Øyonn Groven Myhren og hennar musikk til „Haugtussa”. 

 

– Vi driv med ny plate med Morgonrode, og Helga Myhr skal i løpet av året sleppe plata Andsyning som eg er med på. Det gler eg meg til. Og så må ein klemme inn nokre fjellturar.

 

 

 

 

Kjorstad er i likhet med Marit Karlberg Husvarm på Riksscenen høsten 2022 med tre konserter i tre forskjellige konstellasjoner Mer info her

 

 

 

Arvid Skancke-Knutsen

Arvid Skancke-Knutsen