18.-20. november inviterer Riksscenen til fyrste utgåve av Norse-Gaels Folk Fest!

Billettar: Torsdag: 240/180  Fredag: 300/200  Laurdag: 300/200
Helgepass* (fredag og laurdag): 450/350
* Ein må ha helgepass for å vera med på jam og solokonsertar.

Kjøp billettar her: Norse-Gaels Folk Fest

Navnet Norse-Gaels har sitt opphav i tidleg middelalder, og er ei nevning for folket av norrønt og gælisk opphav som regjerte i området rundt irskesjøen og Skottland i over 300 år. Alt på 800-talet byrja busettarar frå Skandinavia å blande gener og språk med innfødde gælarar. Dei miksa lokale skikkar og religion med sitt norrøne opphav, og ut av det kom kulturen Norse-Gaels.   

Helga er altså vigd keltisk musikk, og for nokon makalause musikarar me skal presentere! Frå Irland, Skottland, Shetland og Noreg kjem fleire internasjonale storleikar innan keltisk musikk for å halde konsertar, og det vert sjølvsagt jamsessions til langt på natt kvar kveld. Vel møtt til fyrste utgåve av Norse-Gaels Folk Fest på Riksscenen.