I gamle dagar gjekk folk på bygdefest. Då møttest ung og gamal, dei som elska å danse, dei som helst var veggpryd, dei som var tørste og dei som ville slåss. 

Ungdomshuset eller samfunnshuset gav den perfekte ramma, som det også gjer i samanheng med denne produksjonen frå Scene Nord si avdeling Folkemusikk Nord. Den startar slik mange bygdefester gjorde før i tida – som ein konsert. Etter kvart kan ein kjøpe seg meir kaffe og andre godsaker, og så kjem dansarane i Kartellet ut på golvet. 

Vidare utover kvelden håpar vi at publikum våger å bli med i dansen!

Orkesteret vert leia av Scene Nord sin eigen Ragnhild Furebotten. Kartellet har basert brorparten av sine forestillingar på bygdefestens dans og overraskingar, og når dei byr opp til dans er det ingen som heilt veit kvar det ber!

 

 Dina Konradsen drar i gang laptopen med nordnorske beats etter konserten, og fyller dansegulvet ut i de små timer..

 

Medverkande:

Ragnhild Furebotten – fele 
Bjørn Andor Drage – hammondorgel 
Bendik Lund Haanshus – gitar 
Arnfinn Bergrabb – trommer 
Sigurd Johan Heide – dans 
Inge Martin Helgesen – dans 
Jo Einar Tobias Sterten Jansen – roadie, lommelykt og fele 
 

Sjå alle arrangementa i DANS DANS DANS!